Kva er eigentleg ein kjemisk prosess? Kva skjer i slike prosessar, og korleis vert dei styrt? Kva utstyr vert nytta? Dette er berre nokre av spørsmåla du får svar på i boka “Introduksjon til kjemisk prosessindustri”.

Boka er tenkt nytta på Vg1 teknikk og industriell produksjon, og er fritt tilgjengeleg på denne nettstaden.

I boka vert datamaskinar mykje nytta, og til alle øvingane i boka finn du lenkjer til gratis simulatorar på nettet.

Kjemisk prosessindustri gir oss byggesteinane til ei rekkje produkt som vi er heilt avhengige av i det moderne samfunnet. Medisinar, klede, drikkeflasker, drivstoff og mange ulike byggemateriale har utgangspunkt i kjemiske prosessar. Utan den kjemiske prosessindustrien hadde kvardagen din vore heilt annleis!